Velkommen

STIFTELSEN NEVROHJEMMET I ÅLESUND

Stiftelsen Nevrohjemmet har no som formål å yte økonomisk støtte til personar med MS og andre kroniske, nevrologiske lidelsar.

OM OSS

Stiftelsen Nevrohjemmet i Ålesund

Multiple-Skleroseforeninga i Ålesund vart stifta i 1967 (skifta seinare namn til Ålesund og Omegn MS-forening). Etter kvart vart det samarbeid med Polioforeninga og det ambisiøse målet var å få til eit bo-, avlasting- og opptreningstilbod for personer med nevrologiske sjukdomar.  

Kven kan søke

SØKNAD

SØKNAD

Kven kan søke?

Alle som har MS eller ein annan kronisk, nevrologisk sjukdom, bur på Sunnmøre eller i Romsdalen, sør for Romsdalsfjorden kan søke om tilskot. Det vert teke omsyn til søkaren sin økonomi.

Kva kan det søkast tilskot til?

Det kan søkast om tilskot til hjelpemiddel og anna utstyr som ikkje vert dekt av det offentlege og til ferie, fritid og kulturaktivitetar.

Når kan det søkast?

Det er tre tildelingsrunder kvart år. Søknadsfristane er: 1.februar, 1.mai og 1. september. Det kan tildelast midlar berre ein gong kvart år.