Om oss

Stiftelsen Nevrohjemmet i Ålesund

Multiple-Skleroseforeninga i Ålesund vart stifta i 1967 (skifta seinare namn til Ålesund og Omegn MS-forening). Etter kvart vart det samarbeid med Polioforeninga og det ambisiøse målet var å få til eit bo-, avlasting- og opptreningstilbod for personer med nevrologiske sjukdomar.  I fellesskap klarte desse to foreningane å få kjøpe lokale til ein institusjon (1.etasje i ei ny boligblokk i Borgundfjordvegen 81) og Stiftelsen Nevrohjemmet i Ålesund vart oppretta i 1974. 

Institusjonen vart opna i 1977 og første åra var det «privat drift», seinare tok fylket ansvaret for drifta, så vart det Helse Sunnmøre og til sist Helse Møre og Romsdal.  I dag er det helseforetaka som styrer tilbodet og bestemmer kva som er liv laga.  Nevrohjemmet fekk sitt endelege nedleggingsvedtak i februar 2012 og 6.juli same år var institusjonen nedlagt og lokala tømt, etter 35 års drift.  Noko vidare drift i eigen regi er i dag ikkje mogeleg.   Men lokala er det Stiftelsen som eig og dei er no leigd ut til Ålesund Kommune som nyttar dei til avlasting for psykisk utviklingshemma.  Dette gir stiftelsen inntekter som kan nyttast til tilskot til personer med MS eller andre kroniske, nevrologiske sjukdommar.